lørdag 31. mars 2012

Eggekollen

Det er vår, men det er framleis kaldt i mars.
Legg kroppen over, medan eg trekkjer i venstre styrelina og slepp opp høgre armen.
Burde teke med meg ullundertøyet.
Kjenner kulden krypa inn mellom hansken og jakka og fylla jakka med kald luft.
Vil ikkje gje meg.
Etter over ein time byrjar hendene å bli stive av kulde. Det er alltid verst der.
Har gløymt at skuldrane verkar av å sitta i "hands up" posisjon.
Det byrjar å bli folksomt i lufti. Er det forsvarleg å halda fram slik?
Christoffer heng i lufti enda. Vil ikkje gje meg før han... Prøver litt til.
Varmen frå soli avteke og Eggekollen vert innhylla av skodde.
Ser folk forsvinna inn i skoddeheimen.
Der set han snuten mot landing. Endeleg.
Det går sakte nedover. Legg inn øyrene. Det hjelper.
Klask på bakken. Hendene inn i armholene. Det byrjar å brenna.
Neglsprett deluxe.
Men det var verdt det.
Trolsk!

torsdag 29. mars 2012

Eigenferd

I kvart emne må ein vera i stand til å gjennomføra ei eigenferd. Det vert då lagt stor vekt på både planlegging og etterarbeid. I planleggingsfasen må ein levera ein ferdplan og etter turen må ein levera ein ferdrapport. På eigenferd er ein eit teltlag på 3-4 personar gjerne med same mål og ambisjonar. Den mest krevjande eigenferdi føregår i vinterfjellet. I vinterfjellet kan ein støta på full storm, sprengkulde, snøskred, usikker is og svært redusert sikt. Då me la ut på vår ferd frå Finse til Rjukan og opp på Gaustatoppen, fekk me høyra at 11 personar vart funne ravande rundt klare til å dø berre få dagar tidlegare... Berre flaks redda dei, då dei vart funne av ein kitar som fekk tilkalla hjelp. Her er ein videosnutt som viser korleis det kan vera:

tirsdag 20. mars 2012

Det ideelle turbrødet

Eg fann ei oppskrift på turbrød på nettet som hevda at brødet smakar betre enn andre brød, held seg i to månader i romtemperatur, ikkje vert deformert i ryggsekken og har eigenvekt som vatn. Dette ville eg testa tenkte eg.

Oppskrifti er som følgjer:

1,25 kg grovt sammalt kveite
0,5 kg fin sammalt kveite
0,5 kg semulegryn
0,25 kg rugmjøl
2 ms salt
250 g hakka, turka hasselnòtkjerner
250 g hakka, turka aprikosar

Bland alt det turre og varm det følgjande til det er lunke.

300 g smelta margarin
200 g sirup
250 g sukker
1L mjølk

Deigen kjevlar ein ned i to smurde langpanner. Steik eitt om gongen i 55 min ved 180 grader.

Brødet er svært hardt og vert difor ikkje deformert. Som ein ser av bilete har brødet tilnærma same eigenvekt som vatn (mjølkekartongen på bilete er tom). For å testa korleis brødet heldt seg i romtemperatur let eg brødet liggja i skåpet berre innpakka i matpapir. Etter tre veker var det knallhardt, men etandes. Eg var i utgangspunktet skeptisk men det gjekk greit å fordøya. Med hjelp av programmet Mat på Data, laga av Mattilsynet, har eg kome fram til at denne oppskrifti gjev ca 14.500 kcal. Det ferdige brødet (ei langpanne) vog ca 2 kg. Det vil seia at 1 kg brød inneheld 3600 kcal. Til samanlikning inneheld kjøpebrødet K4 Sport 2380 kcal. Ein annan skilnad frå kjøpebrød er at turbrødet er mykje meir kompakt og tek dermed mindre plass i sekken, samstundes som ei skive inneheld mykje meir energi samanlikna med kjøpebrød. Dersom ein deler eit brød i ei langpanne i 16 skiver vil kvar skive innehalda om lag 450 kcal. Brødet smakar ein mellomting mellom brød og kake. Det er difor mykje betre å maula enn vanleg brød.

Næringsinnhald per 100 g (Mat på Data): 7,9 g protein (11 E%), 9,6 g feitt (28 E%), 44,7 g karbohydrat (61 E%)

mandag 19. mars 2012

Ryggsekk

Det er viktig at ryggsekken sit riktig på ryggen. Hoftebeltet skal kvila på hofta. Sjølv har eg ein Berganssekk som er for lang i ryggen. Eg visste rett og slett ikkje betre då eg kjøpte han. Men nyleg fann eg ut at eg kan modifisera lengden på ryggen ved å fila ekstra hakk i metallspilene. Sidan eg skal kryssa Hardangervidda om få dagar, tenkte eg at det var greit å gjera eit forsøk. Med ei rundfil var det relativt enkelt å få det til. No kjennest det ut som eg har fått ein ny sekk :-)

lørdag 17. mars 2012

Kajakkrulla

Endeleg greidde eg rulla! Det finst minst 40 ulike kajakkruller. Me har øvd på vertikal rulle. I tillegg til hofterørsla er posisjonen til årebladet viktig før ein ruller. Det hjalp å løfta overarmen til den treff nasen og prøva å la åra flyta opp mot overflata. Det er enkelt når ein kan det...

torsdag 15. mars 2012

Grefsenkollen

Ein nytilsett sjukepleiar fekk høyra frå ein pasient at det kom folk dalande frå himmelen og tenkte at dette var ei ho måtte jobba mykje med. Grefsenkollen er ein flystad for vind frå rundt sørvest. Dette medfører at det gjerne kan vera kraftige forhold fordi vinden bles over langfjelli og gjev bølgjevind, kastevindar. Difor bør ein alltid  halda auga med høgdevinden, som er vinden i dei høgare luftlag, som 1000 og 2000 moh. Starten er kort og bratt, ein sokalla stupstart, og ein bør vera erfaren for å fly her. På grunn av at vinden vert pressa oppover når den treff kollen, er det mogeleg å henga i lufti i fleire timar på ein god dag. Dette er å fly på heng. Med god solinnstråling kan ein òg bli med varmluftsbobler oppover. Dette er å fly i termikk. Det er Grefsenkollenvêr heile veka, so vil du sjå korleis det går føre seg, so kan ein ta turen hit. Starten ligg ikkje langt unna parkeringsplassen på høgre side på veg opp, i retning sørvest. Soli står rett på fyrst langt ut på dagen, so det er difor ein fin plass for ein ettermiddagstur.

søndag 11. mars 2012

Finse

Det er onsdag og eg vaknar opp i ei kantgrop ved Sanddalsvatnet saman med min "sambuar". Alt er dekt av eit kvitt snølag. I fjeset kjenner eg at det dryssar snø gjennom snøblokkene i taket. Snart får me besøk av to medstudentar som vil ha havregraut. Her inne er det lunt og fint, men ute blæs det stiv kuling seier dei... I følgje planen skal alle vera klare på skia klokka 10. Alle reknar med at det vert eit ekstra døgn i snøen. Men neida, me får melding om å ta oss tilbake til Larsbu, som er vår base på Finse. Ute møter skareføre, snøfokk, og minimal sikt på oss. Eg tek av meg alpinbrillene og oppdagar at eg ser langt betre utan. No er finlandshetta god å ha... Etter berre 5 minuttars kaving stoppar eg meg sjølv i å beordra full tilbaketrekking. Det er berre 4 km i luftline til hytta, men det vert 4 lange kilometer. Ikkje vert det betre av at det er motvind og at den dyre Norrøna buksa har sprukke på den verst tenkjelege plassen. Heldigvis kan alt fiksast med sølvteip :-) Ta alltid med ein rull! Me kjem til slutt fram. Det er det råaste vêret eg har vore ute på tur i - det er sikkert!

søndag 4. mars 2012

Utstyrsliste for vinterfjellet

Då er det snart klart for 5 dagar på Finse som førebuing til eigenferd over Hardangervidda og viss vêret er bra - opp på Gaustatoppen. Her er ei fullstendig liste over det eg tek med bortsett frå mat og kokeapparat:

Ryggsekk 95L

Fjellski og stavar som òg kan brukast som søkestong

Sovepose (komfort -12) i vasstett pose 20L
Lakenpose
Liggjeunderlag

Skift i vasstett pose (10L)
- ulltrøye dobbel
- ullstilongs dobbel
- eitt par ullvangsokkar
- eitt par raggsokkar
- ullbokser
- ullgensar

Småsaker i 8L vasstett pose
- sportsteip
- sølvteip
- gnagsårplaster
- multiverktøy
- tau
- lommelykt
- skosmørning
- fyrstikker i plastboks
- dopapir

Ekstra kle
- fotposar
- pulsvottar
- buff
- finlandshette
- alpinbriller
- dunjakke
- gamasjar

Anna
- spork
- "tallrikslåda"
- termos (750 ml ideelt)
- drikkeflaske
- skismørning
- fotoapparat
- kart og kompass
- snikkarsag (for å forma snøen)
- stearinlys innpakka i eit sitteunderlag for at dei ikkje skal knekka


Påkledning
- ullue
- gore-tex jakke
- overtrekksvottar
- ullvottar
- ulltrøye
- ullstilongs
- nettingundertøy i ull innst
- ullbokser
- gore-tex skibukse
- 1 par ullvangsokkar
- 1 par raggsokkar
- skistøvlar i skinn med ullsålar med aluminium under