mandag 27. februar 2012

Fjellsko

Ser etter eit par fjellsko utan membran (gore-tex)... Kvifor? Fordi reine lêrsko tørkar fortare. Dessutan kan membranen sprekka. Dersom ein vert blaut er det berre å skifta sokkar. Mi erfaring er at eit tynt sokkepar innst og eit par raggsokkar ytst fungerer utmerka. Ulempa er at det tek lenger tid å gå inn skoa og dei krev meir vedlikehald. Militærstøvlar er reine lêrsko, men eg treng fjellsko som er stive og eigna for høgfjellet. Det må vera solide fjellsko som kan takla tung bør. Her vert reine membransko for lette. Skoen bør òg vera sydd av eitt stykke lêr, noko som gjer skoen tettare fordi den har færre saumar. Det næraste eg har kome er Scarpa SL.

onsdag 22. februar 2012

Iglo

Då har eg overnatta i sjølvbygd iglo! Det starta med å  trampa til eit ganske stort område til snøblokkfabrikk. Etter ei natt var fabrikken klar og snøblokker vart skorne ut med ei vanleg snikkarsag. Eg vart overraska kor lett det var å laga snøblokker. Diameteren på igloen vart sett ved å setja ei søkestong i midten og laga ein sirkel med ein justerbar skistav. Den indre diameteren var godt under to meter for eg kunne ikkje liggja utstrakt. Me lærte at det er utruleg viktig å vera tøff med helningsvinkelen på snøblokkene heilt frå starten av elles endar igloen opp som ei borg. Snøblokkene skal hella innover mot midten og ned mot førre blokk. Slik får ein ein låseeffekt. Endane på snøblokkene skal skjerast til slik at sideflatene alltid peikar inn mot midten av igloen. Etter at siste snøblokki kom på plass vart innsida beskoren med snøspade og tetta at med snø. For å få ein betre isolert iglo kunne me ha heve snø over igloen. Det er det inuittane gjer. Inne i igloen laga eg til ein snøbenk langs veggen, men fann ut at eg ville prøva å overnatta og laga ein sovebrisk i staden. Det var litt tiltak å koma seg inn og ut av igloen, men inni var det relativt høgt under taket. Neste dag kunne ein stå på toppen utan at igloen kollapsa. Det var vanskeleg å tru under byggeprosessen, då ein strevde med å få snøblokkene til å sitja.

lørdag 18. februar 2012

Fyrstehjelp

Fredag vart ein medstudent meldt sakna. Me visste sånn omtrent kva område han var i, so seks av oss la av garde med pulk og diverse utstyr. Området var meir ulendt enn me hadde trudd, so etter litt diskusjon bestemte me oss for å dela oss i to og leita på kvar side av ein åskam. Under ein skrent fann me han. Han hadde køyrt ned frå åskammen og brote leggen samt påført seg ei hjerneskaking. Heldigvis var han medviten so det var relativt enkelt å få oversikt over skadane. Me fekk ringt 113, men gløymde å sikra skadestaden. Sidan det ikkje var snakk om til dømes indre blødningar gav me han ei kopp kakao for å gje han litt varme. Det skada beinet låg i vinkel og etter å ha sjekka at kneet var ok, fekk med retta ut beinet. Men ikkje utan gauling. Me spjelka beinet med eit liggjeunderlag og eit par stavar. Stavane kunne me greit oss utan, då eit liggjeunderlag gjev nok støtte, samt isolasjon. I pulken la me eit liggjeunderlag, ein jervenduk og ein sovepose. Fire av oss fekk løfta han over i pulken og han vart pakka inn. Pga stavane fekk me ikkje lukka soveposen/jervenduken, noko me burde ha gjort. I laussnøen var han tung å dra, men med litt hjelp fekk eg han opp på vegen og fekk drege han tilbake til Gjerdingen, der det var tid for evaluering av casen...

søndag 12. februar 2012

Paragliding

Det var meldt sol og 4 m/s frå nordvest. Søndagen kunne bli ein fin flydag, so eg heiv meg med Drammen og Omegn Paragliderklubbs tur til Ryghåsen. På veg til Drammen såg eg at det var ein del slørskyer på himmelen, ofte eit teikn på vêrendring. Truleg er det ein varmfront som passerer landet. Heldigvis ser det ut som at all nedbøren vil detta ned på Vestlandet. Soli har enda ikkje fått skikkeleg tak og gjev ikkje den etterlengta oppdriften. Vinden er heller ikkje so sterk som meldt dagen i førevegen, noke som kunne ha gjeve eit løftsone. Landar etter 5 minuttar og får tømt glidaren for sand som stammer frå Tenerife. No er det berre å levera skjermen på service so er eg klar for vårtermikken. Veit at heima har den potensial til å løfta meg opp frå fjorden og inn i skyene :-P

torsdag 9. februar 2012

Utgifter til utstyr

Eg har prøvd å laga ei lista over alt utstyret eg har kjøpt i samband med friluftslivsstudiet:

Våtdrakt 500,-
Våtsko 250,-
Padlevest 500,-
Vasstett pose 20L 150,-
Vasstett pose 15L 150,-
Vasstett pose 10L 250,-
Vasstett pose 8L 120,-
Vasstett pose 5L 100,-
Kartmappe 108,-

Vadmelsbukse 350,-
Vadmelsjakke 350,-
Sixpence 100,-
Bukseselar 50,-
Ullgensar 200,-
Ullbokserar 280,- 
Skipssekk 150,-
Ullpledd 400,-

Sykkelvesker 700,-
Strikkar til sykkel 250,-
Soppkniv 119,-
Tau 118,-
Ferddagbok 180,-

Sum utgifter 5225,-

Komande utgifter:

Søkestong
Sag
Pulsvottar
Fotposar
Ullvottar
Ny og betre kartmappe
Ny ferddagbok

No er eg i utgangspunktet velutstyrt og har difor sloppe unna dei største utgiftspostane som ryggsekk, sko, ski, sovepose og gore-tex bekledning. Andre utgifter til studiet er reiseutgifter og sjølvsagt pensumlitteratur.

mandag 6. februar 2012

Kjentmannspostar

I løpet av studieåret er det krav om å ta 15 kjentmannspostar i Marka. Dette er postar som er lagt ut av Skiforeningen. Dei nyaste postane har skilt med litt informasjon, men det er òg lov å ta eldre postar. Tre av oss prøvde å ta Spinnaren, ein eldre post som ligg i Østmarka. Han ligg oppe på ein ås, so me tok av oss skia og starta å klyva. Sjølv om me hadde teke ut kompasskurs, so fann me ikkje bautaen på om lag halvannan meter. Det er vist ikkje alltid postane er innteikna heilt nøyaktig. Nord for oss kunne eg sjå enda ein ås og truleg ligg han der, men me byrja å koma i tidsnød so me måtte snu med uforetta sak. På returen klatra me opp skråningi på bilete som eg tvilar på at eg ville greit åleina. Det er ikkje uvanleg at kjentmannspostane ligg utanfor allfarveg og at ein må  streva litt før ein finn dei. So kan ein bestemma sjølv om ein vil juksa med GPS...  

fredag 3. februar 2012

Spikking

I emnet Skog og vatn er det eit krav at alle spikkar ein kniv, ein gaffel og ei skei, so eg prøver meg med ein "spork"... Den er laga av einer som er ganske hardt og som vist nok skal bli enda hardare ved oppvarming. Skeii er gravd ut med ein god kniv. Taggane er laga med litt varsam saging. Om eg får godkjent finn eg ut over helgi.

onsdag 1. februar 2012

Kajakktrening

No vinterstid har me kajakktrening i bassenget på idrettshøgskulen. Dette er frivillig, men viktig for å bli trygg i kajakken. Då er badebassenget reservert berre for friluftsliv. Dette er kjærkomen avveksling frå alle forelesningane på denne tidi. Ein tur i bassenget er godt etter ein leksjon i Kultur og samfunn. Me må sjølve bera kajakkane opp frå kjellaren og syta for at kajakkane er polstra i båe endar for ikkje å øydeleggja bassenget. Somme av oss går for kajakkrulla direkte, andre har nok med å bli vande med det våte element. Heldigvis vart me kjende med ein utvekslingsstudent som var erfaren kajakkpadlar og som kunne visa oss kajakkrulla, elles hadde me måtta finna ut av det sjølve. Trikset er å øva inn rette hofterørsla og la hovudet koma sist opp av vatnet, samt at åra skal liggja 90 grader ut frå kajakken. Briller og naseklype kan tilrådast. Etter to timar i bassenget, noko som kan bli heller kjølig, er det ypperleg med ein tur i basstua.