lørdag 28. januar 2012

Snøhole

Som ein del av praksisen gjekk me på ski til Gjerdingen i Nordmarka med ei gruppe internasjonale studentar. Rett før me kom fram til det gamle skulehuset  i sørenden av vatnet, byrja det å snø som planlagt. Ved brui som går over utosen hadde det danna seg ein snøskavl. Ein av studentane byrja å grava og fann ut at det var nok snø til å laga ei lita snøhole. Det vart gravd ut ein sovebrisk på tvers av inngangen. Denne var akkurat stor nok til å romma ein person. Inngangen vart dekt til ned til ca 20 cm under sovebrisken. Dette vart gjort ved å plassera eit par ski på tvers over inngangen og leggja snøblokker over. Taket vart gjort kvelva og det var kanskje litt tynnare enn den halve meteren som er påkrevd. Temperaturen i ei snøhole skal liggja på rundt 0, so det var varmare her enn i lavvoen, sjølv om me hadde bål i sistnemnde. Utetemperaturen var rundt 15 minus. Etter at snøen hadde fått sett seg var det somme som våga seg inn. Ein av dei internasjonale studentane greidde attpåtil å sova heile natti igjennom, rett nok med snøspaden i beredskap. Taket sokk litt i løpet av natti som ein hadde venta, men me var like mange då me fòr som då me kom.

søndag 22. januar 2012

Knus TV'en

TV-apparatet og eit utal kanalar har vorte allmenn luksus. Jo større og flatare TV, jo betre. Men har TV'en eller rettare sagt TV-boksen gjort deg noko godt eigentleg? Korleis ville det vore utan ein einaste TV-kanal? Ei undersøking viser at berre 3% av tida opplever TV-tittaren sokalla "flow". I følgje Csikszentmihalyi gjer hobbyar og sport "flow" opp mot 50% av tidi og naturbaserte aktivitetar enda høgare. Menneske er bygd for å vera i fysisk aktivitet ute i naturen. I følgje Wilson har menneske ein medfødd fasinasjon for andre livsformer og eit liv utan kontakt med dyr og planter er ikkje sunt for oss. 52 år med TV-titting endrar ikkje på det. Det finst eit friluftsliv for alle. Kan du det ikkje, so lær deg det! Knus TV'en og kom deg ut!