onsdag 30. mai 2012

Nattpadling

Klokka var vel mellom to og tre midt på natti. Oluf hadde nettopp hoppa om bord i Askeladden-jolla som låg fortøydd inntil seglskuta Bodil. Han løysna fortøyingi og fortøydde båten innpå land. Rolf fekk beskjed om å ta med seg dræggen eit stykkje utover. Johnny som låg og sov inni seglbåten ville få seg ei overrasking når han stod opp. Det er framleis kaldt i vatnet i mai...

Ferdi gjekk vidare inn i sundet mellom Østre og Mellom Bolærne og rundt sundet inn i Nordvika. Her var det merkbare dønningar men det gjekk greit sjølv i mørket å koma i land. Leiren til dei andre var i nærleiken so lyktene vart slått av. Oppå restane av eit murbygg som no var grasmark fann dei teltleiren. Oluf tok leiingi og bad alle fordela seg på kvart sitt telt og løysna teltpluggane til bardunane. Gunnar tok ei plasttønne som stod utanfor murane og sette føre inngangen til det eine teltet. Janne tok årene som sto opplent inntil muren og byrja å stabla over teltinngangane. Det ville bli eit leven når dei andre stod opp.

Soli hadde knapt stått opp då dei padla langs utsida av Bolærne og tilbake til leiren på Ramsholmen.

Eg kan opplysa om at Oluf nokre dagar seinare fekk både kajakken og turrdrakti si full av vatn. For å unngå faren for ytterlegare represaliar er alle namn fiktive.



fredag 18. mai 2012

Buldring


Denne veka var me å buldra i Notodden. Fyrste dagen var det diverse tillitsøvingar og kvar enkelt lærte kor høgt ein var komfortabel med å hoppa ned på ei buldrematte. Deretter fekk me klatra ute på Skjoldet, Flaket, Spegelen og Svaet. Me overnatta i lavvo på høgskulen sitt område. Andre dagen måtte me vera inne fordi det hadde regna i løpet av natti. Men før det var me og såg på buldrefeltet "kjærlighetsstien". Me lærte at buldring/klatring føregår langsamt i motsetnad til mange andre aktivitetar. Det er ein aktivitet som dvelar ved staden og etter kvart oppdagar ein nye detaljar som ein elles ikkje ville sett. Det einaste ein treng for å buldra er klatresko og evt buldrematte viss ein vil klatra ute. Det utfordrar motet, koordinasjonen, styrken og smidigheiten.

mandag 14. mai 2012

Temaoppgåve



Det var berre ein dag att til temaoppgåva skulle leverast og eg hadde ikkje skrive eit ord. I tillegg var eg drit lei av å sitja føre ein pc. Eg hadde valt meg "makkstong" som tema. Sidan sjølv tillagingi var ein del av oppgåva bestemte eg meg for å finna eit lite tjørn i Nordmarka der eg kunne laga ei makkstong i ro og mak. Dette var rett før me skulle leva som tømmerhoggarar frå rundt 1912. Difor var planen å lata som om eg var ein fiskeentusiast frå 1912 som hadde sett seg fore å skriva ei lærebok i makkfiske. Eg valde difor å skriva for hand i ei lita skrivebok som kunne sjå ut som den var frå 1912 og der æ, ø og å var bytt ut med a, o og aa.



lørdag 12. mai 2012

Meteorologi

Viss ein har følgd med på vêrmeldingi i det siste har ein kanskje lagt merke til dei raude, blå og lilla linene på oversiktskartet før meteorologen går meir i detalj. Dette er vêrfrontar.

Frontar innteikna på eit satelittbilete
Frontane oppstår når kald luft frå nord møter varm luft frå sør og kjem med nedbør. Dessverre er møtepunktet over Noreg og vert kalla polarfronten. Dette er grunnen til at vêret er mykje meir ustabilt enn lenger sør. Spesielt sommaren er prega av ein kamp mellom varm og kald luft. Ein varmfront (avmerka med raude strekar på vêrkartet) kan oppdagast 1 til 3 dagar på førehand fordi varmlufti brer seg sakte over den kalde lufti på bakken.

Bilete viser meieskyer
Dei fyrste teikni på ein varmfront kan ein sjå i fleire tusen meters høgde som fjærskyer eller meieskyer. Etter kvart vert skydekke tettare og stadig lågare. Til slutt bles det opp og regnvêret er i gang. Ein kaldfront (avmerka med blå strekar) kjem mykje snøggare. Ein får gjerne eit opptrekk av haugskyer i forkant av kaldronten. Deretter kjem mørke byge/toreskyer og det byrjar å regna. Når ein kaldfront innhentar ein varmfront kallar meteorologane det for ein okklusjon (lilla strekar). Ein okklusjon gjev ofte heftigare vêr enn ein kaldfront eller varmfront kvar for seg.
Illustrasjonen viser ein kaldfront til venstre og ein varmfront til høgre

torsdag 10. mai 2012

Kajakktur


2. mai la me ut på ein ambisiøs kajakktur frå Hvaler, forbi Strømstad og ned til Ramsholmen sør for Koster i Sverige.                                                                                                     Me var fem stykk og alle hadde grønlandsårer. På vår veg måtte me gjera fleire kryssingar i eksponert farvatn eller sokalla trestjerners forhold. Hadde det ikkje vore for at ein av oss var aktivitetsleiar hav ville me ikkje fått lov. Fyrste overnatting var på Tisler der me sette garn og fekk to krabber og ein berggylt. Andre dagen padla me heile vegen ned til Koster. Ein av oss fekk ein kjempefisk på kroken og stemningi gjekk i taket, heilt til snøret rauk og humøret med. Etter ein god middag på ei sandstrand vart det fart på gruppa att. Då me kryssa over til Koster i havblikk såg me ein einsleg padlar som me var samde om at måtte vera læraren vår som heldt auga med oss. Me var eit døgn på øyene sørvest for Koster og sanka blåskjell og sniglar til eit sjøslag av eit måltid. Då me braut leir tidlegare på dagen såg me fleire selar. Det er eit krav at ein skal bryta leir kvar dag. Neste morgon byrja det å blåsa kraftig opp og eit av telti måtte rivast ned. Me sat vêrfast heile formiddagen i eit tremannstelt. Vêret var variabelt med både sol, lågtrykk i form av diverse frontar som gav vind, regn og haglbyger. Seint på kvelden kryssa me over Sekken i 1 meter store dønningar, solnedgang og fullmåne. Dette var ei fantastisk naturoppleving. Etter kryssingi var me slitne og skrubbsvoltne. Neste dag avslutta me turen med å øva på kameratredning og sokalla cowboy-redning (eigenredning). Me hadde nådd målet om å eksponera oss for ulike forhold og koma ut av komfortsona.

tirsdag 8. mai 2012

Norgescup i Hjartdal

28. april til 1. mai var det norgescup i paragliding i Hjartdal. Hjartdal ligg langs E134 mellom Notodden og Seljord. Starten ligg ovanfor Gvammen i retning Opsal. 46 pilotar deltok. Dei fleste budde på Hjartdal Fjellstogo som ligg 5 minuttar unna starten. Vêret har alt å seia og fyrste dagen vart avlyst pga mykje vind. Søndag var fyrste konkurransedag. Det var framleis mykje vind og vanskelege startforhold. Etter å ha kome seg i lufti, gjeld det å vinna mest mogeleg høgde, men samstundes vera innanfor startområde før starten går. Er ein utanfor må ein fly tilbake før ein kan fly avgarde. Målgang var i Seljord. Undervegs skulle ein innom fleire vendepunkt. Vinnaren er enkelt og greit den som kjem fyrst til mål. Neste dag vart òg avlyst fordi det var overskya og pilotane er avhengige av sol for å fly. 1.mai var ein fin dag for friflygarane, men for konkurransepilotane var det vanskeleg, fordi det ikkje var lett å koma særleg høgare enn 1500 moh. Ein friflygar er ein pilot som ikkje er med i konkurransen. Fleire pilotar "busta" alt rett etter start. Å "busta" vil seia å ikkje koma seg opp i høgden, men i staden havna i synk slik at ein må ned å landa. Oppgåva (task) var å fly til Seljord og tilbake att til Hjartdal. Båe konkurransedagane var det berre fem pilotar som kom heilt i mål.

Her er ein video av ein friflygar som jobbar med å koma seg opp og til slutt greier det:



Resultati finn ein her.

Neste konkurranse er i Hvittingfoss i pinsen.