lørdag 30. juni 2012

Oslo - eit menneske-zoo!

Ein er ikkje ute på tur heile tida. Det er eit pensum som må lesast innimellom turane. Ein del av pensumet er praktisk orientert. Andre tekstar har filosofisk innhald. 

Desmond Morris hevdar at byen er like bra for menneske som eit zoo er for dyr... For urbane personar verkar dette rart, men so har desse kanskje aldri vore utanfor den urbane settingi. Peter Martin deler forholdet mellom menneske og natur i stadiar. På nedste nivå er dei som er totalt framandgjorte i møte med naturen. På øvste nivå finn ein naturfolk som bur og lever av naturen og som kan seiast å vera ein integrert del av naturen. Dei fleste har høyrt om Arne Næss, men kva han stod for trur eg det er få som veit. Kanskje det er fordi bodskapen hans er på kant med det etablerte synet på verdi. Han meiner nemleg at alt liv har ein eigenverdi. Menneske har difor ikkje rett til å øydeleggja naturen anna enn til vitale behov. Næss såg at me i dag overutnyttar naturen og at veksten må stagnerast. Ein annan raring me ser på TV av og til, er leiaren i Framtida i våre hender. Her ser me han desperat og utan og lukkast prøva og fortelja politikarane at ein ikkje kan veksa inn i himmelen. Innbyggjartalet i Noreg har nådd 5 millionar og dette vert feira. Men at folketalet i Noreg og verda aukar, gjer òg at presset på naturressursane stadig aukar. Thor Heyerdahl lurte på kvifor sivilisasjonen som bygde dei berømte statuane forsvann. No har dei funne ut at det var fordi innbyggjarane hogg ned all skogen. Dei sparka altso vekk stolen under seg. Forskarar meiner at menneske genetisk er programmert til å tenkja kortsiktig. Ein skal vera optimist for å setja born til verda.

Det er slikt ein kan undra seg over når ein studerer friluftsliv på NIH.

mandag 25. juni 2012

Kunnskap


Å gå ein liten tur er ikkje det same som før. Går eg forbi ei bjørk, tenkjer eg at never er bra som oppfyringsved og at bjørk gjev godt med kol på bålet. Treet er fint å laga teiknstiftar av. Om våren kan ein tappa sevje av bjørk. Ser eg ei furu tenkjer eg på at ho produserer kvae som kan gje tyritopp eller tyrirot. Dessutan er ei turr furu eller gran bra ved. Av barnålene kan ein laga ein c-vitaminrik te. Eit seljetre er glimrande å laga seljefløyter av, rogn og or er bra emner til makkstong. Einer er hardt og seigt og eit veleigna spikke-emne, dessutan luktar den godt. Ein kan til og med laga fiskekrokar av einer. Og enda har eg berre skrive om tre...

torsdag 21. juni 2012

Ein skal ikkje eiga meir enn ein kan få med seg opp i eit tre...

Kven som er opphavet til utsegni "Ein skal ikkje eiga meir enn ein får meg seg opp i eit tre" veit eg ikkje, men det er ei utsegn som får ein til å tenkja over kva som er viktig for ein.


















Eg ville teke med meg:

Paraglider
Nødskjerm
Seletøy
Hjelm
Vario
GPS

Jervenduk
Liggjeunderlag
Sovepose
Lakenpose

Ullundertøy
Skalbekledning
Lue
Vottar

Kniv
Kompass
Kart
Teip
Tau
Fyrstikker
Spork
Kopp

Mat
Kokeutstyr

Eg har testa og eg får alt dette med meg.
Kva ville du ha teke med deg opp i eit tre?


søndag 17. juni 2012

Tryggleikskurs


Glir langsamt ut over Sognefjorden. Tenkjer på kva eg skal gjera. Godt utover fjorden "dreg eg øyrer". Tek eit langt andedrag og bremsar ned farten til vindsuset nesten blir borte. Like før no. Bankar venstre styrehandtak so langt ned eg kan, medan eg slepp opp høgre. Venstre vingehalvdel kollapsar og eg susar rundt min eigen akse. Etter ein heil runde slepp eg opp styrehandtaki. Vingen rettar seg opp og skyt frampå. Eg er klar til å bremsa og slepp opp att for å la vingen fly. DET kjendest ut som spinn. Må berre gjera det same på motsett side... Tenkjer på det lærarane på friluftsliv seier, at ein skal tora og utfordra seg sjølv. Dette må vel vera å utfordra seg sjølv.

Tryggleikskurset i paragliding skal gjera folk til tryggare pilotar. Oslo paragliderklubb arrangerer kurs i Aurland kvar vår og haust. Utsikten er spektakulær, men dei færraste er i stand til å nyta utsikten medan kurset pågår.

onsdag 13. juni 2012

Kano



Nedover Tinnelvi hadde me vår siste tur. Me har ikkje padla kano sidan i fjor vår, difor vart det sett av litt tid til teknikktrening i Tinnsjøen, før me gav oss elvi i vald. Eg hadde aldri trudd at eg skulle padla nedover eit stryk i kano. Ekstra spennande er det å sitja fremst fordi det er frampadlaren som tek i mot vasspruten. På veg nedover elvi var det to kanoar som velta. Det er utruleg kor lite kaldt det er i elvi når adrenalinet pumpar rundt i kroppen. Årsaken til at ein veltar er ofte kommunikasjonssvikt. Ein er bokstaveleg tala i same båt. Det var òg artig å vassa ut i elvi til ein vart dregen med straumen, medan tre medstudentar stod klar med kastelina og bomma ein etter ein. På kveldstid sat alle rundt bålet og spikka. Det var mange som ikkje hadde laga kniv, skei og gaffel enda. Noko som er eit krav i emnet Skog og vatn. Det vart òg tid til å bli frustrert over at ein ikkje fekk lyd i seljefløyta. Det pedagogiske opplegget var heilt nytt. Denne gongen skulle me studentar planleggja og styra opplegget sjølv på veg nedover elvi. Då me kom fram var alle samde om at ein burde hatt ein ekstra dag i elvi.

søndag 3. juni 2012

Kystkurs

Herregud so heldige me var med vêret då me skulle ha kystkurs. Det var rolege forhold på sjøen og me kunne vitja det nedlagte fyret Fulehuk i kajakk. Her var me so heldig å få omvisning. Alt var idyllisk heilt til ei imaginær danskeferja passerte og laga svære bølgjer som gjorde at alle gjekk rundt...  Då me var ute å segla og ei svana sømde forbi oss skjønte me at det var litt lite vind, men det gjorde ingenting. Mange hadde satsa på at me ville få nok fisk til middag. Den store fangsten uteblei men me greidde å diska opp eit solid middagsbord likevel. Medaljens bakside var at myggen var skikkeleg plagsom.