fredag 27. april 2012

Grønlandsåra

I går testa me Grønlandsårene våre i bassenget. Meiningi er å padla med desse årene på eigenferdi i neste veka. Dei er ganske ulike frå dei vanlege padleårene og det er kjekt å ha prøvd litt før me legg ut på tur.

onsdag 25. april 2012

Årekurs

Medan andre har eksamen måtte me reisa til Vestfossen utanfor Hokksund for å laga ei kajakkåra. Dette er ei sokalla Grønlandsåra. Inne på verkstaden til Anders Thygesen måtte me stå i fleire timar og høvla eit grovskore åreemne. Med ømme hender måtte me pussa i enda fleire timar. Alt dette fordi åra er ein del av vurderingi i emnet Kyst. Attpåtil må me halda på og olja i fleire dagar framover. Heldigvis er dette ei åra som er betre enn ei standard åra til friluftslivsbruk. Det er på grunn av den smale formen. Neste veka er det eigenferd på kysten og då håpar eg å ha åra klar.

mandag 23. april 2012

Knutar

Lærarane våre nyttar seg av utspekulerte metodar. På sykkeltur i Nordmarka vart me fortalde at me måtte læra oss følgjande knutar: Flaggstikk, enkel fiskeknute, påleknute, båtmannsknop, halvstikk og prusik. Desse knutane skulle brukast i samband med gapahukbygging.





Neste dag ville dei ta ut ein person på kvar gruppe. Dersom den utvalde ikkje kunne alle knutane ville ikkje gruppa få lov til å dra vidare før ein kunne alle knutane.

Ingen vart plukka ut...

fredag 20. april 2012

Praksiseksamen

Dei fire fyrste dagane i denne veka var avsett til praksis på Haukelisæter. Her skulle me rettleia 11 utvekslingsstudentar. Måndag fekk studentane øva seg med kart og kompass i nærområdet, medan to av oss rettleiarar leitte etter ein eigna skavl til å byggja snøholer i. Ein halvtime unna fann me ein skalv i eit lunt søkk. Perfekt!

Tysdag slo til med sol frå skyfri himmel. Planen var å gå opp på Vesle Nupen, men strålande skiforhold gjorde at skileik i ein skavl var meir fristande. På veg tilbake var me innom faglærarstudentane på NIH som heldt på med å grava i snøen for harde livet.

Vêret snur fort i fjellet. Ut på ettermiddagen såg ein tydelege meieskyer frå sørvest som er eit klårt teikn på at ein varmfront er på veg. Det vil seia dårlig vêr.

Onsdag var det låge skyer og det byrja å blåsa opp. Navigeringskunnskapane til studentane vart utfordra, då dei vart tildelt koordinatane til området me skulle vera i og bedt om å koma seg dit på eiga hand. Sjølvsagt under vårt overoppsyn. Dette var ei god økt, men tok lengre tid enn planlagt. Vel framme var det klart for fysisk fostring! I grupper på to vart studentane sett til å grava kantgrop.

Målet var å tilbringa natti her. Etter middag og basstu var 6 stk fast bestemt på å sova ute. I lyset frå hovudlyktene vart snøholene ferdigstilte og varmelås installert. Stearinlys vart utdelt og snølykt laga for å skapa ein trygg atmosfære. Det var trøytte og svoltne uteliggjarar som sklei inn på Haukelisæter neste morgon for å eta frukost. Evalueringi før avreise, vart avslutta med ein song av oss rettleiarar, som studentane sette pris på, men som sensor slakta...

lørdag 14. april 2012

Kantgrop


Det var lite snø att då me kryssa Hardangervidda, so me undra oss over om me ville finna ein plass å bu i snøen. Etter å ha hatt god bør over Mår, fann me oss ein solvegg. Vinden hadde me i ryggen og soli stod øvst på himmelen og smilte rett på oss. Rett føre oss låg den perfekte skavlen til å laga kantgrop. Oppglødde over slik ein flaks mekka me saman ein solid skikjelke som vart testa som påkrevd både bortover, oppover og nedover, samt i sving. Til slutt vart alt toppa med eit kunstnerisk innslag i form av ei snølykt, samt litt munnspel, før me la oss i ei kantgrop so sjølvsagt var akkurat passe stor. Alt gjekk vår veg den dagen!

onsdag 11. april 2012

Turmat

Undrar meg over kor mykje mat ein treng å ha med seg på tur. Ein klassikar til frukost er havregraut. Heilmjølkspulver gjer susen for smaken! Ispedd olje/smør, nøter/rosiner og syltetøy kan ein fint koma opp i over 1000 kcal. Å eta ein solid frukost gjev ein god start på dagen. Havregryn ligg lenge i magen og er supersunt i følgje kosthaldsekspertane her på huset.

Både om morgonen og om kvelden kan ein laga noko varmt. Til kvelds kan ein slå til med tre retters middag. Då kan tomatsuppe vera ein fin forrett (masse antioksidantar) og Real turmat som hovudrett dersom vekt er viktig. Til dessert er solbærtoddy bra sidan ein då får tilfredsstilt c-vitamin behovet.

På turen over Hardangervidda erfarte eg at 1000 kcal mellom frukost og middag er for lite. For min del må eg iallfall ha 1500 kcal. Med 2000 kcal vil eg framleis gå ned i vekt i løpet av turen, men greia meg godt. Å kombinera høgenergibrød (sjå tidlegare innlegg for oppskrift) med spekepølsa gjev den rette blandingi av næringsstoff, men det er viktig å drikka ved sidan av. Energibar er eit bra supplement. Dette er lettvint mat som eignar seg godt når ein forflyttar seg fordi det tek kort tid å eta.

Ein slik kombinasjon av mat vil gje mykje fiber, relativt mykje feitt i høve til karbohydrat samt eit jamnt tilsig av protein. Eit høgt innhald av feitt er bra sidan feitt inneheld over dobbelt so mykje energi som dei andre energigjevande næringsstoffi. Ein vil òg få nok vitamin, med unnatak av vitamin D, men når ein er so mykje ute vil truleg også D-vitamin behovet dekkjast. Forresten so gjer det neppe stor skade om ikkje vitaminbehovet er dekt på turar som er kortare enn to veker.