lørdag 28. januar 2012

Snøhole

Som ein del av praksisen gjekk me på ski til Gjerdingen i Nordmarka med ei gruppe internasjonale studentar. Rett før me kom fram til det gamle skulehuset  i sørenden av vatnet, byrja det å snø som planlagt. Ved brui som går over utosen hadde det danna seg ein snøskavl. Ein av studentane byrja å grava og fann ut at det var nok snø til å laga ei lita snøhole. Det vart gravd ut ein sovebrisk på tvers av inngangen. Denne var akkurat stor nok til å romma ein person. Inngangen vart dekt til ned til ca 20 cm under sovebrisken. Dette vart gjort ved å plassera eit par ski på tvers over inngangen og leggja snøblokker over. Taket vart gjort kvelva og det var kanskje litt tynnare enn den halve meteren som er påkrevd. Temperaturen i ei snøhole skal liggja på rundt 0, so det var varmare her enn i lavvoen, sjølv om me hadde bål i sistnemnde. Utetemperaturen var rundt 15 minus. Etter at snøen hadde fått sett seg var det somme som våga seg inn. Ein av dei internasjonale studentane greidde attpåtil å sova heile natti igjennom, rett nok med snøspaden i beredskap. Taket sokk litt i løpet av natti som ein hadde venta, men me var like mange då me fòr som då me kom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar