lørdag 30. juni 2012

Oslo - eit menneske-zoo!

Ein er ikkje ute på tur heile tida. Det er eit pensum som må lesast innimellom turane. Ein del av pensumet er praktisk orientert. Andre tekstar har filosofisk innhald. 

Desmond Morris hevdar at byen er like bra for menneske som eit zoo er for dyr... For urbane personar verkar dette rart, men so har desse kanskje aldri vore utanfor den urbane settingi. Peter Martin deler forholdet mellom menneske og natur i stadiar. På nedste nivå er dei som er totalt framandgjorte i møte med naturen. På øvste nivå finn ein naturfolk som bur og lever av naturen og som kan seiast å vera ein integrert del av naturen. Dei fleste har høyrt om Arne Næss, men kva han stod for trur eg det er få som veit. Kanskje det er fordi bodskapen hans er på kant med det etablerte synet på verdi. Han meiner nemleg at alt liv har ein eigenverdi. Menneske har difor ikkje rett til å øydeleggja naturen anna enn til vitale behov. Næss såg at me i dag overutnyttar naturen og at veksten må stagnerast. Ein annan raring me ser på TV av og til, er leiaren i Framtida i våre hender. Her ser me han desperat og utan og lukkast prøva og fortelja politikarane at ein ikkje kan veksa inn i himmelen. Innbyggjartalet i Noreg har nådd 5 millionar og dette vert feira. Men at folketalet i Noreg og verda aukar, gjer òg at presset på naturressursane stadig aukar. Thor Heyerdahl lurte på kvifor sivilisasjonen som bygde dei berømte statuane forsvann. No har dei funne ut at det var fordi innbyggjarane hogg ned all skogen. Dei sparka altso vekk stolen under seg. Forskarar meiner at menneske genetisk er programmert til å tenkja kortsiktig. Ein skal vera optimist for å setja born til verda.

Det er slikt ein kan undra seg over når ein studerer friluftsliv på NIH.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar