Det var lite snø att då me kryssa Hardangervidda, so me undra oss over om me ville finna ein plass å bu i snøen. Etter å ha hatt god bør over Mår, fann me oss ein solvegg. Vinden hadde me i ryggen og soli stod øvst på himmelen og smilte rett på oss. Rett føre oss låg den perfekte skavlen til å laga kantgrop. Oppglødde over slik ein flaks mekka me saman ein solid skikjelke som vart testa som påkrevd både bortover, oppover og nedover, samt i sving. Til slutt vart alt toppa med eit kunstnerisk innslag i form av ei snølykt, samt litt munnspel, før me la oss i ei kantgrop so sjølvsagt var akkurat passe stor. Alt gjekk vår veg den dagen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar