
Då har eg overnatta i sjølvbygd iglo! Det starta med å
trampa til eit ganske stort område til snøblokkfabrikk. Etter ei natt var fabrikken klar og snøblokker vart skorne ut med ei vanleg snikkarsag.
Eg vart overraska kor lett det var å laga snøblokker. Diameteren på igloen vart sett ved å setja ei søkestong i midten og laga ein sirkel med ein justerbar skistav. Den indre diameteren var godt under to meter for eg kunne ikkje liggja utstrakt. Me lærte at det er utruleg viktig å vera tøff med helningsvinkelen på snøblokkene heilt frå starten av elles endar igloen opp som ei borg. Snøblokkene skal hella innover mot midten og ned mot førre blokk. Slik får ein ein låseeffekt. Endane på snøblokkene skal skjerast til slik at sideflatene alltid peikar inn mot midten av igloen. Etter at siste snøblokki kom på plass vart innsida beskoren med snøspade og tetta at med snø.
For å få ein betre isolert iglo kunne me ha heve snø over igloen.
Det er det inuittane gjer. Inne i igloen laga eg til ein snøbenk langs veggen, men fann ut at eg ville prøva å overnatta og laga ein sovebrisk i staden. Det var litt tiltak å koma seg inn og ut av igloen, men inni var det relativt høgt under taket. Neste dag kunne ein stå på toppen utan at igloen kollapsa. Det var vanskeleg å tru under byggeprosessen, då ein strevde med å få snøblokkene til å sitja.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar