Ser etter eit par fjellsko utan membran (gore-tex)... Kvifor? Fordi reine lêrsko tørkar fortare. Dessutan kan membranen sprekka. Dersom ein vert blaut er det berre å skifta sokkar. Mi erfaring er at eit tynt sokkepar innst og eit par raggsokkar ytst fungerer utmerka. Ulempa er at det tek lenger tid å gå inn skoa og dei krev meir vedlikehald. Militærstøvlar er reine lêrsko, men eg treng fjellsko som er stive og eigna for høgfjellet. Det må vera solide fjellsko som kan takla tung bør. Her vert reine membransko for lette. Skoen bør òg vera sydd av eitt stykke lêr, noko som gjer skoen tettare fordi den har færre saumar. Det næraste eg har kome er Scarpa SL.
Etter å ha brukt Scarpa SL i eit halvt år vil eg koma meg noken kommentarar. Scarpa SL har ein veldig stiv såle som er bra viss ein skal bruka steggjern eller i det ein landar med paraglider. For bruk i fjellet vert sålen for stiv fordi ein mistar kjensla med underlaget og fordi skoa er svært glatte på blaut stein. Det er kome ein nyare versjon som eg håpar har ein mindre stiv såle.
SvarSlett