mandag 27. februar 2012
Fjellsko
Ser etter eit par fjellsko utan membran (gore-tex)... Kvifor? Fordi reine lêrsko tørkar fortare. Dessutan kan membranen sprekka. Dersom ein vert blaut er det berre å skifta sokkar. Mi erfaring er at eit tynt sokkepar innst og eit par raggsokkar ytst fungerer utmerka. Ulempa er at det tek lenger tid å gå inn skoa og dei krev meir vedlikehald. Militærstøvlar er reine lêrsko, men eg treng fjellsko som er stive og eigna for høgfjellet. Det må vera solide fjellsko som kan takla tung bør. Her vert reine membransko for lette. Skoen bør òg vera sydd av eitt stykke lêr, noko som gjer skoen tettare fordi den har færre saumar. Det næraste eg har kome er Scarpa SL.
onsdag 22. februar 2012
Iglo
lørdag 18. februar 2012
Fyrstehjelp
Fredag vart ein medstudent meldt sakna. Me visste sånn omtrent kva område han var i, so seks av oss la av garde med pulk og diverse utstyr. Området var meir ulendt enn me hadde trudd, so etter litt diskusjon bestemte me oss for å dela oss i to og leita på kvar side av ein åskam. Under ein skrent fann me han. Han hadde køyrt ned frå åskammen og brote leggen samt påført seg ei hjerneskaking. Heldigvis var han medviten so det var relativt enkelt å få oversikt over skadane. Me fekk ringt 113, men gløymde å sikra skadestaden. Sidan det ikkje var snakk om til dømes indre blødningar gav me han ei kopp kakao for å gje han litt varme. Det skada beinet låg i vinkel og etter å ha sjekka at kneet var ok, fekk med retta ut beinet. Men ikkje utan gauling. Me spjelka beinet med eit liggjeunderlag og eit par stavar. Stavane kunne me greit oss utan, då eit liggjeunderlag gjev nok støtte, samt isolasjon. I pulken la me eit liggjeunderlag, ein jervenduk og ein sovepose. Fire av oss fekk løfta han over i pulken og han vart pakka inn. Pga stavane fekk me ikkje lukka soveposen/jervenduken, noko me burde ha gjort. I laussnøen var han tung å dra, men med litt hjelp fekk eg han opp på vegen og fekk drege han tilbake til Gjerdingen, der det var tid for evaluering av casen...
søndag 12. februar 2012
Paragliding
torsdag 9. februar 2012
Utgifter til utstyr
Eg har prøvd å laga ei lista over alt utstyret eg har kjøpt i samband med friluftslivsstudiet:
Våtdrakt 500,-
Våtsko 250,-
Padlevest 500,-
Vasstett pose 20L 150,-
Vasstett pose 15L 150,-
Vasstett pose 10L 250,-
Vasstett pose 8L 120,-
Vasstett pose 5L 100,-
Kartmappe 108,-
Vadmelsbukse 350,-
Vadmelsjakke 350,-
Sixpence 100,-
Bukseselar 50,-
Ullgensar 200,-
Ullbokserar 280,-
Skipssekk 150,-
Ullpledd 400,-
Sykkelvesker 700,-
Strikkar til sykkel 250,-
Soppkniv 119,-
Tau 118,-
Ferddagbok 180,-
Sum utgifter 5225,-
Komande utgifter:
Søkestong
Sag
Pulsvottar
Fotposar
Ullvottar
Ny og betre kartmappe
Ny ferddagbok
No er eg i utgangspunktet velutstyrt og har difor sloppe unna dei største utgiftspostane som ryggsekk, sko, ski, sovepose og gore-tex bekledning. Andre utgifter til studiet er reiseutgifter og sjølvsagt pensumlitteratur.
Våtsko 250,-
Padlevest 500,-
Vasstett pose 20L 150,-
Vasstett pose 15L 150,-
Vasstett pose 10L 250,-
Vasstett pose 8L 120,-
Vasstett pose 5L 100,-
Kartmappe 108,-
Vadmelsbukse 350,-
Vadmelsjakke 350,-
Sixpence 100,-
Bukseselar 50,-
Ullgensar 200,-
Ullbokserar 280,-
Skipssekk 150,-
Ullpledd 400,-
Sykkelvesker 700,-
Strikkar til sykkel 250,-
Soppkniv 119,-
Tau 118,-
Ferddagbok 180,-
Sum utgifter 5225,-
Komande utgifter:
Søkestong
Sag
Pulsvottar
Fotposar
Ullvottar
Ny og betre kartmappe
Ny ferddagbok
No er eg i utgangspunktet velutstyrt og har difor sloppe unna dei største utgiftspostane som ryggsekk, sko, ski, sovepose og gore-tex bekledning. Andre utgifter til studiet er reiseutgifter og sjølvsagt pensumlitteratur.
mandag 6. februar 2012
Kjentmannspostar
fredag 3. februar 2012
Spikking
onsdag 1. februar 2012
Kajakktrening
Abonner på:
Innlegg (Atom)